Varslar tilsyn med marknadsføring av alternativ behandling

05.09.2017 — Det er ulovleg å påstå i reklame at alternativ behandling har effekt mot konkrete sjukdommar. Forbrukarombodet har oppdatert rettleiinga om marknadsføring av alternativ behandling, og vil i løpet av hausten ha tilsyn med at utøvarane følgjer lova.

Forbrukarombodets oppdaterte rettleiing gir alternativ behandlarar ei enkel oversikt over dei viktigaste krava til marknadsføring.

Alternativ behandling er behandling som normalt skjer utanfor helsetenesta av ikkje-autorisert helsepersonell. Det er strenge reglar for marknadsføring av alternativ behandling, og tidlegare tilsyn har vist at mange utøvarar ikkje følgjer reglane. Forbrukarombodet har auka innsatsen på området i år, og kjem no mellom anna med ei oppdatert rettleiing.

Døme på ulovlege påstandar

Den oppdaterte rettleiinga gir alternative behandlarar ei enkel oversikt over dei viktigaste krava til marknadsføringa, og inneheld fleire døme på ulovlege påstandar. Krava gjeld for all reklame, også i sosiale medium.

– Reklame for alternativ behandling kan berre innehalde sakleg og nøktern informasjon, og det er ulovleg å påstå at behandlinga kan kurere konkrete sjukdomar, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Den oppdaterte rettleiinga er no sendt saman med eit orienteringsbrev til om lag 90 utøvarorganisasjonar og alternativbehandlarar.

Varslar tilsyn

Forbrukarombodet opplever at  utøvarane av alternativ behandling er ei samansett gruppe, med stor variasjon i grad av seriøsitet, kunnskap om regelverket og vilje til å følgje dette. Ombodet vil difor gjennomføre eit tilsyn i nær framtid, kor vi vil slå ned på klare lovbrot.

– Det er viktig at forbrukarar som vurderer alternativ behandling ikkje blir villeia av reklamen og får urealistiske forhåpningar om at ei behandling skal kunne hjelpe dei. Aktørar som ikkje følgjer lova  risikerer sanksjonar, seier Haugseth.

Les rettleiinga her.

Kva bør du tenkje på?

Ombodet har også oppdatert vår «Forbrukarinformasjon om alternativ behandling». Der minner vi mellom anna om at alternative behandlarar ikkje har lov til å behandle – eller marknadsføre at dei behandlar – alvorleg sjukdom som kreft.

Ombodet oppmodar forbrukarane til å gjere gode undersøkingar, og stille spørsmål.

– Alternativ behandling bør aldri erstatte medisinsk hjelp og anbefalt behandling frå offentleg helseteneste. Dersom du likevel vurderer å nytte alternativ behandling, bør du snakke med legen din først, seier Haugseth.

23.11.2017

Vil vite kva drosjeturen kostar på førehand

Kundane må få vite kva drosjeturen kostar før dei set seg i bilen, meiner Forbrukarombodet. Ombodet ønsker også meir prisinformasjon på nett og på plassar passasjerane ferdast.