Ulovleg marknadsføring på reisenettstader

11.04.2017 — Formidlarar av flyreiser og hotellovernattingar oppgir ofte ein lågare pris enn den kunden faktisk skal betale. Det viser eit omfattande, felleseuropeisk tilsyn med reiseformidlarar og prissamanlikningssider på nett.
Bildet viser en person som taster på en PC

VILLEIAR FORBRUKARAR: Tilsyn avdekka at 235 av 352 reiseformidlarar på nett har ulovleg marknadsføring. FOTO: Unsplash

Stadig fleire reiser og hotellovernattingar blir bestilt på nett. Samtidig toppar reiseformidlarar og prissamanlikningssider statistikken over forbrukarklagar i Europa.

Forbrukarmyndigheiter i Europa og EU-kommisjonen tok difor initiativ til eit felleseuropeisk tilsyn med denne typen tenester.  Forbrukarombodet i Noreg og Island, samt forbrukartilsyn i 26 EU-land sjekka totalt 352 reiseformidlarar på nett.

Her er dei viktigaste funna:

  • I ein tredjedel av tilfella var prisen som først blei vist til kunden ikkje den endelege prisen kunden skulle betale
  • Eit av fem marknadsførte tilbod var ikkje tilgjengeleg
  • I nesten ein tredjedel av tilfella var totalprisen, eller måten totalprisen blei rekna ut på, ikkje klar
  • Ein av fire prissamanlikningssider gjorde det ikkje klart at utsegn som «berre to rom ledig» eller liknande, berre gjaldt for deira nettside og at ledige rom framleis kunne vere tilgjengeleg på andre nettsider.

– Ein kan ikkje gi inntrykk av at hotellovernattinga kostar mindre enn den faktisk gjer. Den marknadsførte prisen skal vere totalprisen, og inkludere alle utgifter du må betale, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Les også: Nettreisebyråer bryter loven.

Tilsynet avdekka også at det var tvil om truverdigheita til brukaromtalar på mange av prissamanlikningssidene.

Sjå Forbrukarombodets rettleiing for brukaromtalar.

Forbrukarmyndigheitene vil no kontakte 235 nettsider som hadde ulovleg marknadsføring, og be dei om å rette opp i dette. Dersom selskapa ikkje endrar marknadsføringa, har myndigheitene moglegheit til å ta i bruk sanksjonar.

Les pressemeldinga frå EU-kommisjonen.

27.06.2017

Rammet av Norwegian-kanselleringene?

Flyselskapet Norwegian har de siste dagene kansellert en rekke avganger. Er du rammet? Sett deg inn i rettighetene dine!