Ulovleg gratis-reklame for leasing

05.03.2017 — I ein reklame påstår selskapet Bavaria at du kan lease ein bil for null kronar. Men leasingavtalen er slett ikkje gratis, og har ein anslått totalpris på rundt 127 000 kronar. Ulovleg, seier Forbrukarombodet.
Bildet viser en skjermdump av en reklame til Bavaria på Facebook. I reklamen ser man bilde av en gul og svart mini cooper.

IKKJE GRATIS: Leasingavtalen har ein anslått totalpris på rundt 127 000 kronar.

«Ny MINI hos Bavaria fra kr. 0 pr. mnd* uten innskudd», skriv Bavaria i ein reklame på Facebook.

Men når ein trykkar seg vidare  til nettsida, kjem det fram at avtalen langt ifrå er gratis. Den kostar 3 382 kronar i månaden. I følgje reknestykket Bavaria har sett opp på sida, kan ein tene inn igjen heile månadsprisen dersom forbrukaren leiger ut bilen via tenesta nabobil.no, sju døgn i månaden til ein snittpris på 650 kronar kvar dag.

Ulovleg

– Bavaria kan ikkje nytte ein potensiell inntektsmoglegheit til å skjule at avtalen faktisk har ein betydeleg kostnad. Å lease ein bil er ei stor økonomisk avgjerd, og i dette tilfellet kostar det rundt 127 000 kronar i avtaleperioden. Kunden har krav på god og tydeleg informasjon om dei faktiske kostnadane, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Manglar totalpris

Annonsen inneheld heller ikkje informasjon om etableringsgebyr eller totalpris for avtaleperioden. Og forbrukaren får ingen informasjon om at bindingstida er på tre år eller at det er sett ei maksgrense for kor langt ein kan kjøre.

– Bindingstid og totalpris er svært vesentleg opplysningar, som forbrukaren må få i reklamen. Dette er ikkje noko kunden skal måtte leite seg fram til sjølv. Vi forventar at Bavaria fjernar eller endrar den ulovlege marknadsføringa med ein gong, seier Haugseth.

 Selskapet har svart at dei stansar reklamen inntil forholda er avklart.

20.07.2017

Trøblete utmelding hos Tanum Bokklubber

Et medlemskap hos Tanum Bokklubber er enkelt å opprette, men vanskeligere å si opp. Nå krever Forbrukerombudet at bokklubbene endrer vilkårene.