Tanum Bokklubber endrar

08.09.2017 — Etter krav frå Forbrukarombodet gjer Tanum det enklare for kundane sine å melde seg ut av bokklubben.
Bildet viser bøker i en bokhylle.

ENDRAR: Etter krav frå Forbrukarombodet endrar no Tanum bokklubber vilkåra for oppseiing. Bildet er hentet fra stocksnap.io

Forbrukarombodet fekk i vår fleire klager på utmeldingsprosedyren til bokklubbkjeda. For å avslutte eit medlemskap måtte kunden ringe til kundesenteret. Enkelte forbrukarar som ringde for å seie opp, blei møtt med eit tilbod om å fryse medlemskapet sitt.

Kravde endringar

Eit minstekrav er at forbrukarane skal ha moglegheit til å melde seg ut i dei same kanalane som dei kan melde seg inn. Forbrukarombodet kravde difor at Tanum Bokklubber endra vilkåra. Bokklubben var først ueinig i standpunktet til ombodet, men har no valt å rette seg etter kravet.

– Næringsdrivande kan ikkje gjere det unødvendig vanskeleg for forbrukarane å seie opp eit abonnementet. Krav, som det Tanum bokklubber stilte, kan ha ein innelåsande effekt for forbrukarane, og er ulovleg. Vi er difor glade for at bokklubben no har endra, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Ønsker tips

Dei same krava til utmeldingsvilkår gjeld alle abonnementstenestar mynta på forbrukarar. Forbrukarombodet ønsker difor tips, dersom det er andre tenester som nytter ulovlege utmeldingsvilkår.

– Det skal vere like enkelt å melde seg ut av eit abonnement som det er å melde seg inn i eit abonnement. Tips oss gjerne, dersom du kjenner til tenester som ikkje følger desse reglane, seier Haugseth.

23.11.2017

Vil vite kva drosjeturen kostar på førehand

Kundane må få vite kva drosjeturen kostar før dei set seg i bilen, meiner Forbrukarombodet. Ombodet ønsker også meir prisinformasjon på nett og på plassar passasjerane ferdast.