Styr unna svindelbutikkar i julehandelen

23.11.2016 — Forbrukarombodet får mange tips om useriøse nettbutikkar som lokkar med rimelege merkekle frå Canada Goose og Parajumpers. – Ver kritisk til kor du legg igjen pengane dine på nettet, rådar ombodet.
IKKJE LA DEG FREISTE: Sjansen er stor for at du får falske kopiar eller at varane ikkje dukkar opp i det heile om du handlar frå butikkane i Forbrukarombodets svindelgalleri.

IKKJE LA DEG FREISTE: Sjansen er stor for at du får falske kopiar eller at varane ikkje dukkar opp i det heile om du handlar frå butikkane i Forbrukarombodets svindelgalleri.

Mange er allereie godt i gang med julehandelen, og stadig fleire av oss tek delar av gåveshoppinga
heime i eigen sofa.

Forbrukarombodet har no oppdatert svindelgalleriet, som er ei liste over nettbutikkar vi meiner
forbrukarane bør halde seg vekke frå. Om lag tretti nye butikkar er lagt til i galleriet.

Mange av butikkane på lista hevdar dei sel populære vinterjakker som Canada Goose og Parajumpers
– til ein svært gunstig pris.

– Om tilbodet verkar for godt til å vere sant, så er det sannsynlegvis det. Ein kan vere rimeleg trygg
på at originale merkejakker ikkje blir selt i butikkar som pjsoutlet.1988.com eller jakker.co til ein billig
penge, seier fagdirektør Tonje Hovde Skjelbostad i Forbrukarombodet.

Dyrekjøpte erfaringar

Ombodet blir ofte kontakta av forbrukarar som fortel at varen dei bestilte ikkje dukka opp eller at det
dumpa ned billege kopiar i postkassa.

– Dersom du ikkje kjenner til nettbutikken frå før, bør du sjekke den nøye før du legg inn bestillinga.
Er kontaktinformasjonen lett tilgjengeleg? Og kva skriv andre forbrukarar om butikken? Sjølv om det
er freistande å klinke til på supergode tilbod, kan det fort bli dyrekjøpte erfaringar, seier Hovde
Skjelbostad.

Ser proft ut

Ho minner om at det er enkelt å opprette ei nettside som ser profesjonell ut. Og useriøse aktørar
opprettar gjerne fleire nettbutikkar med omtrent likelydande namn om ei side blir lagt ned.

– Sjekk heller butikken ein gong for mykje enn ein gong for lite. Mange skor seg på handleglade
nordmenn som stoler blindt på tilsynelatande seriøse nettbutikkar i julestria, poengterer Tonje
Hovde Skjelbostad.

28.03.2017

Advarer mot e-postsvindel

Forbrukerombudet får mange klager på kreative svindlere på jakt etter kortinformasjon og viktige brukernavn og passord. Skatteetaten, Posten, Telenor og en rekke norske banker er blant aktørene som har fått navnene sine misbrukt i det siste.