Serviceerklæring

Forbrukarombodet får rundt 10 000 skriftlege klager og førespurnader i året. For at vi skal kunne føre eit mest mogleg effektivt tilsyn, er det nødvendig med ei streng prioritering av kva saker som blir tekne opp til behandling.

Dersom Forbrukarombodet tek opp saka du har klaga på, vil du bli halden orientert om kva som skjer vidare i saka. Det første brevet vi sender til den næringsdrivande, skal normalt gå ut frå vårt kontor seinast ein månad etter at vi får førespurnaden din.

Sjå elles reglane i forvaltningslova om fristar for offentleg saksbehandling.

Informasjon til deg som har klaga på spam, telefonsal eller uadressert reklame

På grunn av stor saksmengd har vi dessverre ikkje kapasitet til å ta opp alle enkeltklager på spam, telefonsal eller uadressert reklame/gratisaviser etter kvart. Alle klager blir likevel registrerte i arkivet vårt og dannar grunnlaget for kva saker som vil bli tekne opp til behandling. Du vil høyre frå oss dersom vi tek opp klaga di med innklaga, anten innan den næraste månaden eller på eit seinare tidspunkt.

Når vi ikkje er rette instansen

Av og til får vi førespurnader som fell utanfor dei oppgåvene vi er sette til å utføre. Når vi får ein slik førespurnad, vil vi anten sende saka i retur til deg, normalt innan ei veke, med framlegg om kva du kan gjere. Alternativt vil vi sende saka vidare til rette instansen, normalt innan ei veke etter at vi har teke imot førespurnaden. Du vil da bli orientert om at vi har sendt saka vidare, og kven vi har sendt henne til.

Når vi ikkje kan prioritere saka

Forbrukarombodet har til tider svært stor saksmengd, og for at saker ikkje skal hope seg opp, er det nødvendig med ei streng prioritering av kva saker som kan takast opp til behandling. Dersom vi må sjå oss nøydde til å nedprioritere førespurnaden din, vil du normalt få beskjed om dette innan ei veke. Det vil gå fram av brevet frå oss kvifor saka er nedprioritert. Dersom du er ueinig i nedprioriteringa, kan du klage avgjerda inn for Marknadsrådet. Det vil vere informasjon om klagemoglegheiter, framgangsmåte og fristar i det brevet du får tilsendt.

Klage på servicen

Dersom du ikkje er nøgd med servicen hos Forbrukarombodet, ber vi om at du tek kontakt med oss. Kontaktinformasjon finn du i botnmenyen på nettsidene våre.