Sender du bankkort med barna på Norway Cup?

28.07.2017 — Send med kort som er berekna for barn, og ikkje ditt eige bankkort anbefaler Forbrukarombodet når Norway Cup skal sparkas i gang i år igjen.
Bildet viser en fotballslette hvor det ligger en fotball. Det er solnedgang i bakgrunnen

UNGE FORBRUKARAR: Forbrukarombodet oppmodar foreldre til å sende med barnekort, og ikkje vanlege bankkort berekna på vaksne, når ungane skal på Norway Cup. Foto: pexels.com

Nokre foreldre lånar vekk sitt eige kort til barna når dei skal på tur, men dette er risikabelt. Vanlege bankkort berekna på vaksne, er lettare å misbruke, mellom anna fordi dei opnar for netthandel og kjøp med signatur.

– Vi oppmodar difor foreldre til ikkje å sende med sine eigne betalingskort når ungane skal på til dømes Norway Cup. Medan barnekorta er tilpassa brukargruppa, er ikkje vaksenkorta eigna for barn, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Har sjekka bankane sine avtalar for barnekort

For nokre år sidan fekk ombodet saman med banknæringa på plass ein mønsteravtale som sikrar trygge rammar for barn under 13 år med betalingskort. Barnekorta har lågare bruks- og uttaksgrenser, og avtalen avgrensar mellom anna barnets ansvar ved tap eller misbruk at kortet. Det er difor ikkje fare for å tape store beløp sjølv om barnet mistar eller blir fråstole kortet. Bankkort for barn under 13 år skal heller ikkje kunne nyttast ved netthandel.

Seinare sjekka Forbrukarombodet om norske bankar som tilbyr barnekort, faktisk tek i bruk mønsteravtalen. Undersøkinga syner at dei fleste bankane brukar mønsteravtalen, og nokre bankar gir attpåtil betre vilkår enn mønsteravtalen.

– Det er bra at bransjen respekterer at desse produkta rettar seg mot ei sårbar brukargruppe. Barn og unge skal sleppe å ta ein stor økonomisk risiko når dei brukar bankkort, seier Haugseth.

Lær bort fornuftig kortbruk

Reiser barnet ditt på tur med flunkande nytt bankkort i lomma, kan det alltid vere nyttig å ta ein prat om ansvarleg kortbruk og økonomi før avreise.

  • Korleis nyttar barnet PIN-kode på ein trygg måte?
  • Kvar hen er det lurt å oppbevare kortet?
  • Kor mykje pengar kan barnet bruke i veka?
  • Kva og kvar hen er det best å betale med kort?
  • Kva telefonnummer skal barnet ringje dersom det mistar kortet?

Kan betale med mobil

Det blir stadig vanlegare å tilby mobilbetaling på idrettsarrangement. Norway Cup opnar også i år for betaling via DNB si mobilteneste Vipps på fleire utsalsstadar. Det er 15 års aldersgrense for å bruke Vipps, så dette vil ikkje vere tilgjengeleg for alle. På arrangement med unge forbrukarar bør det være mogleg å betale utan å bruke betalingstenester på mobil med aldersgrense.

Forbrukarombodet oppmodar foreldre til å ta ein prat med barna om trygg mobilbetaling.

– Når mobilen kan nyttas som lommebok, er det spesielt viktig å passe godt på telefonen og sørge for at ikkje andre kjenner til innloggingskoden. Til liks med barnekort er mobilbetaling eit trygt og godt alternativ for unge forbrukarar så lenge det nyttast riktig, seier Haugseth.

23.10.2017

Ulovleg reklame for skiutstyr

ThrustMe Skipack marknadsførar ein propellsekk som skal gi deg betre fart i skiløypa. Men utstyret er ulovleg å bruke i utmark. No må dei endre reklamen.