Reklame frå politiske parti

18.08.2017 — Kan eg reservere meg mot reklame frå politiske parti? Dette lurer mange forbrukarar på no i valkampen. Svaret får du her.
Bildet viser grå postkasser på et postkassestativ.

INNHALDET SOM AVGJER: Når politiske parti sender ut materiell, vil det avgjerande vere om sendinga kun inneheld politisk informasjon eller reklame – eventuelt begge deler.

Det er ikkje forbode å distribuere reine partiprogram eller anna politisk informasjon frå politiske parti til forbrukarar. Heller ikkje til dei som har reservert seg mot reklame. Desse reglane omfattar både reklame i postkassa og på døra og reklame via telefon og sms og e-post.

Årsaka er at forbodet i marknadsføringslova er avgrensa til å gjelde levering av reklame og gratis aviser som skjer i næringsverksemd.

– Politiske parti er ikkje rekna som næringsdrivande og difor vil reklame med eit reint politisk bodskap ikkje vere ulovleg å distribuere, seier fagdirektør i Forbrukarombodet Tonje Hovde Skjelbostad.

Kva du kan reservere deg mot

Som forbrukar kan du reservere deg mot uadressert reklame og gratis aviser ved til dømes å setje eit oblat på postkassa eller inngangsdøra. Kva som vert rekna som «uadressert reklame» eller «gratis avis», er avhengig av innhaldet og kven som er avsendar.

Når politiske parti sender ut sine bodskap, vil det avgjerande spørsmålet vere om dette kun inneheld politisk informasjon ( om valprogram e.l ) eller reklame – eventuelt begge deler.

Kva er reklame

Inneheld sendinga reklame for til dømes kurs og seminar som det kostar pengar å vere med på eller profilering av eventuelle samarbeidspartnarar, vil den kunne verte omfatta av forbodet i marknadsføringslova.

– Då må forbrukaranes reservasjon mot uadressert reklame og gratis aviser respekterast, seier Skjelbostad

Politisk reklame på TV og radio

Det er ikkje tillat å sende politisk reklame på TV, derimot er det lov på radio. Medietilsynet fører tilsyn med forbodet om politisk reklame på TV. Les meir her

23.11.2017

Vil vite kva drosjeturen kostar på førehand

Kundane må få vite kva drosjeturen kostar før dei set seg i bilen, meiner Forbrukarombodet. Ombodet ønsker også meir prisinformasjon på nett og på plassar passasjerane ferdast.