Reklame frå politiske parti

07.08.2015 — Kan eg reservere meg mot å få materiell frå politiske parti i postkassa? Dette lurar mange forbrukarar på i samband med valkampen. Svaret får du her.

Som forbrukar kan du reservere deg mot uadressert reklame og gratis aviser ved til dømes å setje eit oblat på postkassa eller inngangsdøra. Kva som vert rekna som «uadressert reklame» eller «gratis avis», er avhengig av innhaldet og kven som er avsendar.

Når politiske parti sender ut materiell, vil det avgjerande spørsmålet vere om sendinga kun inneheld politisk informasjon (om valprogram e.l.) eller reklame – eventuelt begge deler.

Kva er reklame?

Inneheld sendinga reklame for til dømes kurs og seminar som det kostar pengar å vere med på eller profilering av eventuelle samarbeidspartnarar, vil den kunne verte omfatta av forbodet i marknadsføringslova.

Då pliktar partiet å respektere forbrukaranes reservasjon mot uadressert reklame og gratis aviser.

Partiinformasjon er ok

Reine partiprogram eller anna informasjon frå politiske parti vert ikkje omfatta av forbodet, og kan dermed verte distribuert også til dei som har oblat på postkassa.

Forbodet mot politisk reklame i kringkastinga følgjer av kringkastingslova § 3-1 som Medietilsynet fører tilsyn med.

23.10.2017

Ulovleg reklame for skiutstyr

ThrustMe Skipack marknadsførar ein propellsekk som skal gi deg betre fart i skiløypa. Men utstyret er ulovleg å bruke i utmark. No må dei endre reklamen.