Reise og transport

Forbrukarombodet arbeider med fly- og pakkereiser, hotell, parkering, kollektivtransport og bilutleige. Dette omfattar òg reisebyrå og formidlarar på nett.

Kva gjer vi?

  • Vi fører tilsyn med marknadsføring av reisetenester. Vi er særleg opptekne av at prisopplysningane er rette, og at alle obligatoriske gebyr er med i totalprisen.
  • Vi medverkar til at avtalevilkår ikkje er urimelege. Vi jobbar særleg med vilkår som gjeld betaling, avbestilling og ansvar.

Viktig å vite:

  • Standardvilkår for pakkereiser

    Forbrukarombodet har i samarbeid med bransjeorganisasjonen for reiseliv utarbeidd vilkår for pakkereiser. Desse omfattar blant anna vilkår for betalingstidspunkt, depositumsstorleik og avbestillingsvilkår.

  • Bransjenorm for sal av pakkereiser og formidling av flybillettar

    Forbrukarombodet har utarbeidd ei bransjenorm som i hovudsak byggjer på relevante føresegner i ehandelslova, angrerettlova, pakkereiselova, pakkereiseforskrifta og marknadsføringslova. For forhold som ikkje blir direkte regulerte i dette regelverket, gir bransjenorma rettleiing om god forretningsskikk på området.

  • Marknadsføring av flybillettar der berre eit avgrensa tal er tilbydd

    Forbrukarombodet har utvikla retningslinjer for marknadsføring av flybillettar. Det blir stilt krav til at opplysningar om prisar skal vere klare og eintydige, og at prisen som blir marknadsført, må vere reell. Det må tydeleg opplysast om eventuelle avgrensingar eller vilkår i marknadsføringa.

  • Kollektivtransport

    Teknologiske omleggingar i billettsystem må speglast i avtalevilkåra til reiseselskapa. Slike omleggingar skal ikkje føre til urettmessige gebyr eller auka forbrukaransvar. Reisevilkåra til transportselskapa blir godkjende av Samferdselsdepartementet, og Forbrukarombodet gir innspel til desse før godkjenninga blir gitt.

  • Parkering

    Nytt parkeringsregelverk for vilkårsparkering trådde i kraft 1. januar 2017. Regelverket vil som hovudregel gjelde for alle som tilbyr vilkårsparkering, altså parkering mot avgift, med tidsavgrensing eller andre vilkår. Klagar på vilkårsparkering kan difor rettast til Parkeringsklagenemnda, dersom du ikkje vinn frem med klaga overfor parkeringsselskapet. Les meir om Parkeringsklagenemnda. Finn meir om regelverket på heimesidene til Statens Vegvesen.

Visste du at

  • Nordmenn gjennomførte 3,9 millionar innanlandsreiser med minst ei overnatting i andre kvartal 2016. Dette er 20 prosent fleire enn same periode året før.
Kjelde: Reiseundersøkinga frå SSB, 2. kvartal 2016
26.07.2016

Tips ved bestilling av reise på nett

Mange bruker sommerferien til å booke høstferien eller neste utenlandstur. Ved bestilling av reiser og hotellovernattinger på internett er det en rekke ting det er lurt å være oppmerksom på. Her er Forbrukerombudets smørbrødliste.

Fagpersoner