Råd mot fakturasvindel

Næringsdrivande får stadig krav frå kataloghaiar og liknande om betaling for tenester dei aldri har bestilt. Ikkje betal og vurder å melde saka til politiet, rådar Forbrukarombodet.

Illustrasjonen viser en fange i en mobiltelefonForbrukarombodet får med jamne mellomrom klager frå næringsdrivande som får tilsendt fakturaer utforma som krav om betaling utan at noko er kjøpt eller bestilt. Å sende ut krav om betaling utan at det er gjort avtale om det, er i strid med § 11 i marknadsføringslova.

Forbrukarombodet kan ikkje gripe inn i saker der næringsdrivande er råka av ulovleg handelspraksis, fordi det fell utanfor ombodets tilsynsområde.

–  Ikkje betal

Rådet som ombodet kan gje er å ikkje betale rekninga. Dersom det kjem purring må ein protestere skriftleg på kravet for å unngå at det blir sendt til inkasso. Får ein likevel eit inkassobrev er det viktig å ta kontakt med det aktuelle inkassoselskapet og gjere dei merksam på at det dreier seg om eit omtvista krav.

Straffbart

Brot på § 11 i marknadsføringslova er straffbart, og næringsdrivande som får slike krav kan difor vurdere å melda forholdet til politiet.

Fleire råd og tips om useriøse verksemder som rettar krav til næringsdrivande finnes på nettsidene Varslingslisten.no og Trygghandel.no.

23.11.2017

Vil vite kva drosjeturen kostar på førehand

Kundane må få vite kva drosjeturen kostar før dei set seg i bilen, meiner Forbrukarombodet. Ombodet ønsker også meir prisinformasjon på nett og på plassar passasjerane ferdast.