Populære nettbutikkar blir kopiert av svindlarar

04.08.2017 — Skal du kjøpe sminke på nett i sommer? Sjekk om nettbutikken står i svindelgalleriet vårt før du legg inn ei bestilling.
Bildet viser en skjermdump av nettsiden kyliecosmetics.no. Det er bilde av en leppe og under står det Kylie i store bokstaver.

VER PÅ VAKT: Svindlarar kopierer verkelege nettbutikkar i både layout og nettadresser, det er derfor viktig å vere på vakt når man handlar på nett. Skjermdump kyliecosmetics.no

Svindelgalleriet til Forbrukarombodet er oppdatert med over 30 nye nettbutikkar. Sider som hevdar å selje Apple-produkt og Kylie Cosmetics-leppestiftar er blant dei ferske tilskota på lista.

-Ver kritisk til kor du legg igjen pengane dine på nettet og søk etter erfaringane til andre før du trykker på bestillknappen, rådar forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Vil lure forbrukarane

Forbrukarombodet får jamleg tips frå forbrukarar som ikkje får varene dei har bestilt eller som ender opp med billege kopiar. I god tru har forbrukarane klikka seg inn på nettbutikkar som ser tilsynelatande proffe og tillitsvekkande ut.

I det siste har vi fått fleire tips om svindlarar som kopierer verkelege nettbutikkar i både layout og nettadresser for å lure norske forbrukarar. Svindelsidene har heilt like nettsidenamn, men endingane på URL-ane skil seg frå dei ekte butikkane.

Her er nokre eksempel på falske sider:

  • Eplehuset.as (Eplehuset.no er ein reell nettbutikk)
  • Kyliecosmetics.no (Kyliecosmetics.com er ein reell nettbutikk)
  • Fotballsko.info (Fotballsko.no er ein reell nettbutikk)

Forbrukarane som har tipsa oss om desse sidene har anten ikkje motteke varene dei har bestilt, fått falske varer eller mistenkt at sida var falsk utan å ha handla der.

Ser proft ut

Bildet viser en skjermdump av nettbutikken fotballsko.info. På nettsiden ser vi fire fotballsko.

VANSKELEGE Å AVSLØRE: Før kunne ein  avsløre svindelsider på snodige nettadresser og dårleg språk, men det er ikkje så ofte tilfelle lenger. Foto: Skjermdump fotballsko.info

– Tidligare kunne ein gjerne avsløre svindelsider på snodige nettadresser og dårleg språk, men det er ikkje så ofte tilfelle lenger. Det er lett å bli lurt når nettsidene ser proffe ut, og nettadressa er så like den originale adressa, seier forbrukarombod Elisabeht Lier Haugseth.

Eit anna kjenneteikn på svindelbutikkar ha gjerne vore usannsynleg låge prisar på kjente merkevarer. Men dette er ikkje tilfelle for mange av dei nyaste nettbutikkane i svindelgalleriet.

-Vi ser at svindlarane gjerne legg seg tett opp mot den verkelege nettbutikken i pris, noko som gjer det enda vanskelegare å avsløre svindelen, seier Haugseth.

Nye nettbutikkar i svindelgalleriet

Forbrukarombodet oppdaterte nyleg svindelgalleriet, som er ei liste over nettbutikkar vi meiner forbrukarane bør halde seg vekke frå. Om lag tretti nye butikkar er lagt til galleriet.

– Sjekk Forbrukerombudets svindelgalleri

-Dersom du ikkje kjenner til nettbutikken frå før, bør du undersøke eit par ting før du legg inn bestillinga. Sjekk om kontaktinformasjonen er lett tilgjengeleg. Og ta eit nettsøk på kva andre forbrukarar seier om butikken, rådar Haugseth.

Forbrukarombodet minner om at det er enkelt å opprette ei nettside som ser profesjonell ut. Og useriøse aktørar opprettar gjerne fleire nettbutikkar med omtrent likelydande namn om ei side blir lagt ned.

-Sjekk heller butikken ein gong for mykje enn ein gong for lite. Mange skor seg på handleglade nordmenn som stoler blindt på tilsynelatande seriøse nettbutikkar, poengerer Haugseth.

23.10.2017

Ulovleg reklame for skiutstyr

ThrustMe Skipack marknadsførar ein propellsekk som skal gi deg betre fart i skiløypa. Men utstyret er ulovleg å bruke i utmark. No må dei endre reklamen.