Må betale 400 000 for ulovleg salsmarknadsføring

11.04.2017 — Intersport reklamerte med sal på el-syklar utan å vise til før-prisar. No må Gresvig, som eig butikken, betale 400 000 kroner i tvangsmulkt.
Reklame for el-sykkelsalg på Intersport

ULOVLEG: Intersport lovar «sinnsyke» prisar, men oppgir ikkje før-prisar.

Det var i eit nyheitsbrev i fjor haust at Intersport Oslo Sentrum brukte ord som «EL-sykkelsalg» og «sinnsyke priser», utan å vise til kva dei fem annonserte syklane hadde kosta tidligare.

Forbrukarombodet fekk konkurrentklagar på at kjeda ikkje opplyste om før-prisar i annonsane.

«Sal» er triggerord

I all marknadsføring for sal skal det opplysast om tidlegare pris på vara. For at før-prisen skal vere reell må vara ha blitt seld for den oppgitte prisen i ei viss periode før salet starta. Manglande før-pris ved salsmarknadsføring har vore eit generelt problem i sportsbransjen.

– «Sal» er eit triggerord med sterk appell til forbrukarane.  For at kundane skal kunne vere sikker på at ein rabatt er ein rabatt må før-prisen komme tydeleg fram i reklamen, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Les også: Ulovlig salgsmarkedsføring fra elektronikkjeder

Braut forbodsvedtak

I 2012 fatta Forbrukarombodet eit forbodsvedtak mot Gresvig for ulovleg salsmarknadsføring. Vedtaket forbyr selskapet å unnlate å opplyse om før-prisar når dei marknadsførar salskampanjar.  Det blei fastsett ei tvangsmulkt, altså eit beløp dei må betale, om dei gjorde den same feilen igjen.

Sykkel-kampanjen til Intersport Oslo Sentrum er eit brot på vedtaket frå 2012, og Gresvig må difor betale ei tvangsmulkt som er satt til 400 000 kroner.

Gresvig kan klage på vedtaket til Marknadsrådet innan tre veker.

14.08.2017

Slik unngår du uønskede innholdstjenester

Kobler du av med kryssord og konkurranser i ferien? Hvis du blir bedt om å sende inn løsningsordet på SMS – bør du sjekke at du ikke samtidig takker ja til et abonnement.