Markedsføringsloven

Markedsføringsloven regulerer korleis næringsdrivande kan marknadsføre produkta sine.

Dei fleste av reglane i lova gjeld marknadsføring som er rett mot forbrukarar, men det er òg eit eige kapittel om marknadsføring mellom næringsdrivande. I tillegg til reglar om marknadsføring inneheld lova forbod mot å bruke urimelege kontraktsvilkår i avtalar som blir inngått med forbrukarar.

Forbod mot villeiande og urimeleg handelspraksis

Dei mest sentrale føresegnene i markedsføringsloven er forboda mot villeiande og urimeleg handelspraksis. Desse reglane har sidan 2009 vore like i alle EU- og EØS-land. Lova skal òg verne forbrukarar mot å måtte betale for produkt som ikkje er bestilte, eller mot å få marknadsføring dei ikkje ønskjer, for eksempel på telefon, e-post eller i postkassa.

I forskrift til lova er det i ei såkalla svarteliste nemnt 31 former for handelspraksis som er forbodne, blant anna å la vere å merkje annonsar i redaksjonell form klart og tydeleg eller å hevde at ein forbrukar har vunne ein premie i ein konkurranse når dette ikkje er tilfellet.

Ei bransjenøytral lov

Markedsføringsloven gjeld marknadsføring av alle typar varer og tenester i alle marknader, med mindre det er fastsett eigne reglar om marknadsføring på bestemte område. Slike reglar er det ganske mange av, for eksempel reglar om TV-reklame i kringkastingsloven, reglar om ernærings- og helsepåstandar i påstandsforskrifta, krav til å opplyse om kostnader i marknadsføring av kreditt i finansavtaleloven og reglar om kva opplysningar seljar skal gi ved blant anna netthandel og telefonsal, i angrerettloven.

Ansvaret for å føre tilsyn med at næringsdrivande følgjer reglane for marknadsføring som gjeld på bestemte område, er delt mellom Forbrukarombodet og fleire andre tilsynsorgan. Oversikt og meir informasjon finn du her.

Les markedsføringsloven her.