Bli kvitt telefonsal

Til no har i overkant av 2 millionar personar reservert seg mot telefonsal i Reservasjonsregisteret. 90 % av dei er også reservert mot reklame frå frivillige organisasjonar. Diverre er det ikkje alle av dei som slepp uønska telefonsamtalar. Er du av dei som stadig får telefonar du ikkje ynskjer, bør du lese desse tipsa.

Registrer telefonnummer i Reservasjonsregisteret

Når næringsdrivande ringer folk som har reservert seg, skjer det ofte fordi dei av ein eller annan grunn ikkje har fått treff på namnet og adressa deira når dei sjekkar listene sine opp mot Reservasjonsregisteret. Dette skuldast at namn og adresse som telefonseljarane har fått frå ulike nummeropplysningstenestar ikkje er identisk med det som er registrert i folkeregisteret.

Dette moglege problemet kan du fjerne ved å legge inn telefonnummeret ditt i Reservasjonsregisteret. Til no er det ikkje fleire enn 748 209 nummer som er lagt inn i Reservasjonsregisteret, altså lang færre enn reserverte personar.

Sidan vi ser at det er effektivt å reservere telefonnummeret sitt i Reservasjonsregisteret oppmodar vi alle som ikkje ynskjer telefonsal om gjere dette slik at reservasjonen deira fungerar best mogleg.

Ikkje alle oppringingar er forbode

Det er ikkje alle typar telefonar du kan reservere deg mot. Til dømes må du godta å bli ringd opp angåande marknadsundersøkingar og av næringsdrivande du har eit aktivt kundeforhold til. Gjeld telefonen kundeforholdet ditt kan du likevel be om at dei ikkje kontaktar deg igjen.

Har du bedt ein næringsdrivande om å ringe deg, vil reservasjonen i Reservasjonsregisteret heller ikkje gjelde. Forbrukarombodet oppmodar deg til å ha eit bevisst forhold til det å leggje igjen telefonnummeret  i spørjeundersøkingar, konkurransar og liknande på internett, da fleire næringsdrivande reknar dette som ei oppmodning om å bli kontakta.

Dersom du blir ringd opp av frivillige organisasjonar du ikkje ynskjer å støtte, bør du kontakte organisasjonen direkte og gi beskjed om dette.

Ta telefonen

Dersom du ikkje tar telefonen får du ikkje vite kva oppringinga gjeld og du får heller ikkje gitt beskjed dersom du vil bli sletta frå ringelistene. Difor er det betre å ta telefonen, høyre kven som ringer og gi beskjed. Viser det seg at det er nokon som har ringt i strid med reservasjonen din, kan du klage dei inn til Forbrukarombodet.

Kva kan eg klage på?

Du kan klage til Forbrukarombodet på den enkelte næringsdrivande som ikkje respekterar reservasjonen din. Når dei ringer bør du difor spørje kven som ringer (callsenter) og på vegne av kven (oppdragsgjevar). Forbrukarombodet kan då kontakte den næringsdrivande og vurdere rutinane deira for å sikre at dei ikkje ringer folk som har reservert seg mot telefonsal.

Oppdater reservasjonen din med telefonnummer på Brønnøysundregistra si nettside. Sjå òg informasjon frå Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet om reservasjon mot telefonsal, uønska reklame og gratis avisar.

24.02.2017

Mener meglerforetak brøt loven med lokkepris

En bolig på St. Hanshaugen i Oslo ble markedsført med en urealistisk lav prisantydning. Forbrukerombudet mener megleren hadde gode forutsetninger for å prise riktigere.