Internasjonalt arbeid

Marknadsføringsretten er stort sett basert på dei same prinsippa over heile verda. Spesielt innanfor EU er mykje av regelverket likt. Forbrukarombodet deltek i ei rekkje internasjonale forum for å sikre eit høgt nivå for forbrukarvernet på tvers av landegrensene.

Kva gjer vi?

  • Vi tek opp saker der næringsdrivande i utlandet bryt marknadsføringslova overfor norske forbrukarar, og der næringsdrivande i Noreg bryt lova overfor utanlandske forbrukarar.
  • Vi samarbeider med styresmaktene i andre land om felles standpunkt og felles tilsynsaksjonar.
  • Vi deltek i faste komitear og nettverk på nordisk, europeisk og globalt nivå for å koordinere tilsynsarbeidet.
  • Vi gir innspel til korleis det europeiske regelverket for vern av forbrukarar bør vere.

Internasjonale forum vi deltek i

  • EU/EØS:

    Noreg samarbeider med EU/EØS-statane om handheving av det felleseuropeiske regelverket om forbrukarvern. Dette inneber at næringsdrivande må følgje dei same reglane i heile Europa.

  • ICPEN:

    International Consumer Protection Enforcement Network (ICPEN) er eit internasjonalt nettverk der forbrukarorgan frå heile verda er med. I nettverket samarbeider organa for å verne forbrukarar over heile verda mot ulovleg marknadsføring.

  • Nordisk samarbeid:

    Det nordiske samarbeidet består av halvårlege møte på toppleiarnivå mellom tilsynsorgana i Danmark, Finland, Færøyane, Island, Sverige og Noreg. Som eit ledd i det nordiske samarbeidet har det blitt utarbeidd fleire fellesnordiske standpunkt til marknadsføring i forskjellige kanalar. I tillegg kjem saksbehandlarar saman for å gjennomføre fellesnordiske handhevingsprosjekt.

  • OECD:

    Forbrukarombodet deltek òg i OECDs forbrukarkomité og gir innspel til OECDs anbefalingar til forbrukarvernlovgiving.

Visste du at

  • Meir enn 60 nasjonar er medlem av ICPEN
Kjelde: www.icpen.org
03.07.2017

Ny nettstad skal styrke forbrukarvernet over landegrensene

Det internasjonale forbrukarnettverket ICPEN lanserte nyleg ein ny nettstad. Målet med nye icpen.org er å gjere det enklare for forbrukarmyndigheitene å få bukt med grenseoverskridande forbrukarproblem.

Fagpersoner