Gåvekort til konfirmanten? Dette bør du sjekke!

11.05.2017 — Det er tid for konfirmasjon, og mange vel å gi gåvekort i staden for pengegåver. Her er Forbrukarombodets råd til kva du bør tenkje på om du skal kjøpe eit gåvekort.
Bildet viser en mann i skjorte og slips som åpner en gave.

HØGE GEBYR: Om du ikkje handlar i tide kan høge gebyr etter ei tid ete opp det inneståande beløpet på gåvekortet ditt.

Dei fleste butikkar og kjøpesenter sel i dag ulike typar gåvekort til forbrukarane. Før du kjøper eit gåvekort til konfirmanten bør du sjekke vilkåra nøye.

– Mange vel å gi eit gåvekort i staden for kontantar. Men då bør ein forsikre seg om at pengane kan bli brukt i ein butikk konfirmanten ønskjer, og at høge gebyr ikkje et opp beløpet du tenkjer å gi, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Dette bør du sjå etter:  

  • Sjekk gebyret på kortet du tenkjer å kjøpe. Nokon kort har for eksempel månadlege gebyr som startar ei viss tid etter at kortet er kjøpt. Slike gebyr vil etter ei tid ete opp det inneståande beløpet på kortet ditt.
  • Sjekk kor lenge kortet er gyldig, og kva som skjer når kortet går ut på dato. For e-pengekort har kunden krav på å få pengane tilbake også etter utløpstidspunktet. Men nokre kort vil trekke kunden for ekstra gebyr. For vanlege gåvekort som berre kan brukast i ein bestemt butikk, kan pengane vere tapt dersom dei ikkje er brukt før kortet går ut på dato.
  • Sett deg inn i bruksområdet for kortet. Sjølv universalgåvekort må nyttast i særskilte butikkar. Sjekk difor at kortet kan nyttast i den eller dei butikkane konfirmanten ønskjer.
22.05.2017

Viktig med forbrukerbeskyttelse i delingsøkonomien

Forbrukerombudet mener Delingsøkonomiutvalget har kommet med gode forslag for å styrke forbrukerbeskyttelsen i delingsøkonomien. Det er også behov for vern av forbrukere som benytter de mange nye delingsplattformene som dukker opp.