Vår saksgang

Forbrukarombodet skal på vegner av forbrukarane føre tilsyn med at dei næringsdrivande driv marknadsføring og har kontraktsvilkår som er i samsvar med marknadsføringslova.

Vi fører også tilsyn med andre lover og forskrifter.

Forbrukarombodet behandlar klager frå forbrukarar og næringsdrivande, men tek også opp saker på eige initiativ. Forhandlingar med dei næringsdrivande skjer som regel i form av utveksling av brev, men også i møte.

Sjå illustrasjon av vår saksgang under.

Marknadsrådet

Vi ønskjer å komme fram til frivillige ordningar ved å forhandle med næringsdrivande. Dersom vi ikkje får løyst saka frivillig, kan Forbrukarombodet eller den næringsdrivande ta saka inn for Marknadsrådet. Marknadsrådet kan fatte vedtak mot den næringsdrivande og dei som medverkar til eit lovbrot. Forbrukarombodet kan også leggje fram prinsippsaker for Marknadsrådet, sjølv om det i utgangspunktet ikkje ligg føre nokon tvist med den næringsdrivande.

I hastesaker kan Forbrukarombodet forby næringsdrivande å halde fram med å bruke eit ulovleg marknadsføringstiltak eller ulovlege avtalevilkår. Slik kan vi hindre at næringsdrivande haustar fordelar av å bryte marknadsføringslova mens dei ventar på at Marknadsrådet skal fatte vedtak. Den næringsdrivande kan klage eit slikt hastevedtak inn for Marknadsrådet, men vedtaket tek til å gjelde frå det tidspunktet da det er fatta. Forbrukarombodet kan også fatte sjølvstendige vedtak i saker som tidlegare er avgjorde i Marknadsrådet.

Sanksjonar

Hovudregelen er at det skal fastsetjast ei tvangsmulkt i tilknyting til dei vedtaka Forbrukarombodet og Marknadsrådet gjer. Plikta til å betale tvangsmulkta blir utløyst dersom eit vedtak blir brote, og Forbrukarombodet kan fatte vedtak om at næringsdrivande skal betale tvangsmulkta i slike saker. Dette kan klagast inn for Marknadsrådet på same måten som eit opphavleg vedtak. Endeleg vedtak om å betale tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg.

Dersom ein næringsdrivande aktlaust eller med forsett bryt bestemte reglar i marknadsføringslova og brota blir vurderte som vesentlege, eller fordi dei har skjedd fleire gonger, opnar marknadsføringslova for at Marknadsrådet, eller i nokre tilfelle Forbrukarombodet, kan fastsetje eit lovbrotsgebyr. Dette gebyret må den næringsdrivande betale for verksemd som er driven i strid med lova.

  • Vi mottar klagen.
  • Vi tar saken opp til behandling (både etter klage eller etter eget initiativ).
  • Vi kan starte forhandlinger med næringsdrivende gjennom brev eller møter.
  • Hvis vi ikke oppnår enighet, kan vi eller Markedsrådet fatte eventuelt vedtak og økonomiske sanksjoner.
  • Saken kan bli nedprioritert. Vi har begrensede ressurser og må prioritere hvilke saker vi vil ta opp.
  • Illustrasjon saksgang. foto Vi eller Markedsrådet kan fatte eventuelt vedtak og økonomiske sanksjoner.