Forbrukarombodet si historie

  • 1914–1973: Marknadsføringslova har røter i Noregs første konkurranselov frå 1922 og provisoriske lover om maksimalprisar frå 1914. Prisdirektoratet, seinare Statens pristilsyn, hadde ansvaret for dei tidlege reglane.
  • 1973: Konkurranselova av 1922 bli avløyst av den første marknadsføringslova, og Forbrukarombodsmannen (seinare Forbrukarombodet) og Marknadsrådet blir oppretta. Inger Louise Valle blir Noregs første forbrukarombodsmann.
  • 1978: Reglane om kjønnsdiskriminerande marknadsføring blir innført i marknadsføringslova i samband med vedtak av likestillingslova.
  • 1981: Forbod mot urimelege avtalevilkår kjem inn i marknadsføringslova. Forbrukarombodsmannen fekk nemninga Forbrukarombodet.
  • 1985: Prisdirektoratet og Pristilsynet får i oppdrag å handheve den nye kredittkjøpslova med forskrifter. Pristilsynet medverkar til handheving av marknadsføringslova.
  • 1991: Marknadsrådet og Forbrukarombodet får tilsyn med delar av det nye regelverket for kringkastingsreklame.
  • 1995: Heimel til å fastsetje tvangsgebyr ved brot på vedtak trefte av Forbrukarombodet og Marknadsrådet blir ført inn i lova.
  • 1997: Marknadsføringslova fekk ei eiga «etikkbestemming»: forbod mot marknadsføring i strid med god marknadsføringsskikk.
  • 2000: Direktiva om samanliknande reklame og fjernsal blir implementerte i marknadsføringslova.
  • 2001: Konkurransetilsynet blir omorganisert, og lokalkontora blir lagde ned. Fire saksbehandlarar blir overførte til Forbrukarombodet, som med dette får eit Trondheims-kontor. Forbrukarombodet får tilsynet med kredittkjøpslova (seinare innarbeidd i finansavtalelova kapittel 3 med forskrifter).
  • 2003: Marknadsrådet og Forbrukarombodet får tilsynet med forskrift om marknadsføring av alternativ behandling.
  • 2007: Samarbeidsforordninga blir implementert i norsk rett ved endringar i marknadsføringslova. Denne pålegg forbrukarmyndigheitene i EU-land å samarbeide om å stoppe brot på den europeiske forbrukarvernlovgivinga der forbrukarar er i eitt land og næringsdrivande i eit anna.
  • 2009: Ny marknadsføringslov. Denne implementerer EU-direktivet om urimeleg handelspraksis (2005/29/EF) i tillegg til eldre reglar frå blant anna direktivet om urimelege avtalevilkår. Det meste av marknadsføringsretten blei frå 2009 dermed felles for alle EU/EØS-land. Det blir òg teke inn heimel for Marknadsrådet og Forbrukarombodet til å fatte vedtak om gebyr ved brot på visse føresegner i den nye lova.
  • 2014: Ny lov om angrerett og enkelte endringar i marknadsføringslova, forbrukarkjøpslova og avtalelova vedtekne for å implementere EUs forbrukarrettsdirektiv (2011/83/EU).
  • 2015: Trondheims-kontoret blir lagt ned på grunn av naturleg aldersavgang.

Forbrukarombod

1973 – 1981: Inger Louise Valle

1974 – 1975: Charles Philipson (konstituert)

1976 – 1986: Hans Petter Lundgaard (konstituert fra 1976 – 1981)

1986 – 1987: Erik Boe

1987 – 1995: Kjersti Graver

1995 – 2000: Torfinn Bjarkøy

2000 – 2010: Bjørn Erik Thon

2010 – 2016: Gry Nergård