Fått uønskte slankeplaster i postkassa?

07.06.2017 — Eit estisk selskap har sendt ut slankeplaster med betalingskrav til ei rekke norske barn og unge. Les kva du kan gjere om du eller barnet ditt har fått pakkar med krav om betaling i postkassa.
Bildet viser nettsiden til Supershopping

IKKJE BETAL: Dersom du har fått ei pakke du ikkje har bestilt bør du protestere skriftleg på kravet.

Forbrukarombodet har i det siste fått fleire tips om at selskapet Supershopping OÜ fra Estland sender slankeplaster med faktura til norske forbrukarar. Tipsa tyder på at mottakarane i all hovudsak er unge jenter og gutar, gjerne rundt 12-13 år.

– Bryt lova på mange område

Forbrukarane som har vore i kontakt med oss har ikkje bestilt plastra, og kjente heller ikkje til selskapet eller produkta «Acai Super Body» før dei dumpa ned i postkassa.

Forbrukarombodet har bedt forbrukarmyndigheitene i Estland om å stoppe den ulovlege praksisen.

– Selskapet bryt lova på mange område. Ikkje berre krev dei betaling for dyre abonnement frå forbrukarar som ikkje har bedt om det. Dei sender dessutan pakkar til unge, som etter vergemålslova ikkje kan inngå avtalar om framtidige betalingsplikter, slik som abonnement, på eiga hand, seier fagdirektør Tonje Hovde Skjelbostad i Forbrukarombodet.

Dette kan du gjere

Har du fått ei pakke som du ikkje har bestilt? Dette kan du gjere:

  • Send ein e-post til selskapet om at det ikkje er inngått ein avtale om levering av varer mellom Supershopping og deg eller din dotter/son.
  • Dersom mottakaren er under 18 år: Skriv at avtalen uansett er ugyldig fordi ho/han er mindreårig.
  • Selskapet kan ikkje krevje at du returnerer vara. Ein eventuell retur skal skje på den næringsdrivandes rekning, for eksempel med frankert returemballasje.
  • Dersom kravet sendast vidare til eit inkassobyrå – protester skriftleg også til inkassobyrået.
  • Om du får ytterlegare problem – kontakt Forbruker Europa.
23.10.2017

Ulovleg reklame for skiutstyr

ThrustMe Skipack marknadsførar ein propellsekk som skal gi deg betre fart i skiløypa. Men utstyret er ulovleg å bruke i utmark. No må dei endre reklamen.