Abonnementsfeller på skjønnheitsprodukt

01.10.2017 — Ein gratis prøve på hudkremen Vendela Silver Day viser seg å vere eit abonnement på produktet. No får Helena Cosmetics AS beskjed om å endre marknadsføringa.
Bildet viser en skjermdump av reklamen for Vendela Silver Day.

Reklamen lovar eit gratis produkt, utan å opplyse tydeleg at ein også takkar ja til eit abonnement på hudkrem. Bildet er ein skjermdump frå nettsida vendela.com

Ombodet har vurdert marknadsføringa av kosmetikkprodukt på nettsiden www.vendela.com, og har konkludert med at marknadsføringa er ulovleg. Reklamen lovar deg eit gratis produkt, utan å opplyse tydeleg om at du ved å takke ja, inngår eit abonnement kor du får tilsendt nye hudkremar kvar månad med ei rekning på kjøpet.

Gøymt bort i liten skrift

– Ein kan gjerne gi bort gratis hudkremar. Men viss det ein faktisk sel er eit abonnement, så kan ein ikkje skjule informasjon om dette i vilkåra, eller nedst i reklamen med liten skrift, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Marknadsføringa frå Helana Cosmetics bryt både med angrerettlova og marknadsføringslova.

Når forbrukarar inngår avtaler om betaling på nett, har dei krav på klåre og tydelege opplysningar om mellom anna den samla prisen for varen eller tenesta. Den skal også innehalde alle  gebyr og avgifter du må betale.

Les meir: Abonnementfeller

Næringsdrivande skal syte for at forbrukaren skjønner at dei ved å takke ja til gratispakken også takkar ja til eit abonnement som kostar pengar. Gjer dei ikkje det, er ikkje forbrukaren bunden til å betale.

Må endre

– I dette tilfellet må forbrukarane studere reklamen svært nøye for å forstå at dei inngår eit abonnement. Slik skal det ikkje vere. Vi forventar at selskapet endrar reklamen så snart som mogleg, seier Haugseth.

Forbrukarombodet ber selskapet endre eller stanse marknadsføringa så snart som praktisk mogleg, og seinast innan 3. oktober.

23.10.2017

Ulovleg reklame for skiutstyr

ThrustMe Skipack marknadsførar ein propellsekk som skal gi deg betre fart i skiløypa. Men utstyret er ulovleg å bruke i utmark. No må dei endre reklamen.