Gåvekort og byterett – dette bør du vite
26.12.2009
Veit du kva for rettar du har med gåvekorta du får til jul eller kva du kan krevje om du vil byte ei julegåve? Forbrukarombodet gir deg tipsa du treng.
Det finst ingen lovfesta rettar når det gjeld gåvekort og byte av varer. Her er nokre tips for å unngå krangling i butikkane etter jul.
Gåvekort
Det er mange grunnar til å gje gåvekort til jul, mellom anna at mottakaren får bestemme sjølv kva han vil ha, og at man kan få meir for pengane i romjulssalet. Kan butikken bestemme at gåvekort ikkje gjeld på salsvarer?
- Vi har ingen lovreglar om gåvekort.
- Sjå alltid etter om gåvekortet har nokre avgrensingar. Til dømes er det berre gyldig i ein kort periode eller gjeld ikkje for alle varer i butikken.
- Spør seljaren om gåvekortet kan nyttast på salsvarer eller ikkje.
- Gåvekorta er gyldige i 3 år om ikkje anna er sagt.
- Om ein ikkje handlar for heile summen på kortet kan ein vanlegvis ikkje få kontantar tilbake, men ein tilgodelapp.
- Les alt med lita skrift på gåvekortet!
Å byte varer
Ein treffer ikkje alltid like godt med gåvene. Nokre gonger er buksa for stor eller genseren har feil farge. Kva rettar har ein eigentleg til å byte julegåver? Vi har ingen lovbestemt byterett, men mange forretningar tilbyr ei byteordning. Dei kan bestemme vilkåra for byteretten sjølv.
- Det er alltid lurt å be om bytekort, passe på kvitteringa og kontakte butikken så snart som mogeleg.
- Vara må vere ubrukt og utan skadar - i nokre tilfelle får du ikkje byte vara dersom du har brote emballasjen.
- Hygieniske artiklar, kroppsnære klede, særleg ømfintlege varer eller varer som tapar seg raskt i verdi får ein ofte ikkje byte. Avtal difor særskilt med seljaren når du kjøper slike gåver.
- Dersom det er noko i vegen med vara kan du krevje ny vare eller reparasjon. I nokre tilfelle kan du ha krav på avslag i prisen, heving av kjøpet eller skadebot.
- I hovudsak kan ein berre krevje å få byte i same butikk eller kjede og til ein anna vare.
- Oftast må ein seljar godta at du byter til ein dyrare vare dersom du betaler mellomlegget.
- Du kan ikkje krevje å få pengar tilbake dersom vara du byter til er vesentleg billigare enn den du hadde - men du kan krevje ein tilgodelapp som er gyldig i tre år om ikkje anna er sagt.
- Kjøper du vara utafor fast utsalsstad (mellom anna dørsal, messe, postordre, Internett), gjeld angrerettlova. Du har da 14 dagar angrerett. Sjå våre tips for trygg julehandel på Internett.
