STRAUM
Kontaktpersoner:
Frode Elton Haug, juridisk direktør, tlf. 986 60 566
Brit Røthe, tlf. 454 90 040
Ida Torgersdotter Øygard, tlf. 930 81 040
Olaf Schancke, tlf. 454 90 084
Bakgrunn
Straum er eit nødvendigheitsgode for dei aller fleste norske forbrukarar. For mange utgjer dette også ein stor del av hushaldsbudsjettet. Straummarknaden inneheld mange aktørar og mange ulike og dels kompliserte produkttypar. Konkurransetilsynet si prisoversikt omfattar berre dei heilt vanlege marknadskraft-, standard variabel- og fastprisprodukta. Trenden i straummarknaden er at stadig fleire aktørar tilbyr produkt som inneheld element som gjer at dei ikkje passar inn i Konkurransetilsynet si oversikt. Dette fører til at det er vanskeleg for forbrukaren å samanlikne og skaffe seg oversikt over prisar og vilkår hjå dei ulike aktørane.
For dei fleste forbrukarar er prisen på straumen av avgjerande vekt når dei skal velje leverandør. Det er difor viktig at Forbrukarombodet held fram med å handsame enkeltsaker der det kan vere spørsmål om villeiande prismarknadsføring.
I tillegg til å trekke fram pris som eit vesentleg element i marknadsføringa ser Forbrukarombodet at enkelte leverandørar nyttar miljøpåstandar for å trekke til seg kundar. Miljøargument vil også vere eit viktig moment når forbrukarar skal velje straumleverandør. Det er difor viktig at ein får riktig informasjon. Ombodet vil jobbe for å avgrense villeiande bruk av miljøpåstandar. Straummarknaden er i utvikling, og det kan vere grunn til å drøfte innhaldet i norsk bransjenorm for opprinnelsesgaranterte kraftavtaler fra fornybar energi.
Forbrukarombodet har sett døme på at enkelte aktørar knyter vilkår som bindingstid og oppseiingsgebyr til avtaletypar der dette ikkje er naturleg. Slike avtaler vil kunne vere urimelege og i strid med marknadsføringslova. Ombodet ynskjer å få oversikt over omfanget av denne praksisen, og ta opp urimelege avtalevilkår med dei enkelte leverandørane som nytter dette.
Forskotsfakturering av straum har i fleire år vore eit forbrukarproblem. Nye, uavhengige aktørar slit med å få fotfeste i bransjen, og fakturerer kundane forskotsvis for å skaffe seg likviditet. Aktørane som fakturerer kundane på denne måten legg ofte til grunn eit alt for høgt forventa forbruk og prisauke på straum i utrekningane sine. Forbrukarombodet er kritiske til forskotsbetaling av straum, og ynskjer å bidra til at denne praksisen vert nærare regulert.
Mellom regulatorane i dei nordiske landa føregår det eit arbeid for å utreda moglegheita for ein felles nordisk straummarknad. I samband med dette kan det dukke opp problemstillingar knytt til blant anna kontraktsinngåing, angrerett og andre forbrukarforhold som Forbrukarombodet må uttale seg om.
Føremål
Forbrukarombodet skal sikre at marknadsføringa av elektrisk kraft ikkje er villeiande, og at leverandørane nyttar rimelege og balanserte standardvilkår
Tiltak
-
Gjennomføre kontrollaksjon der ein særleg ser etter marknadskraftprodukt med bindingstid og andre vilkår som kan vere problematiske etter mfl. § 22
-
Delta i NordREG-samarbeidet om ein felles nordisk straummarknad i den grad det er behov
-
Vurdere behovet for å oppdatere rettleiinga for marknadsføring av elektrisk kraft til hushaldskundar
-
Innleie dialog om eventuelt behov for å oppdatere norsk bransjenorm for opprinnelsesgaranterte kraftavtaler fra fornybar energi
-
Vere i dialog med Konkurransetilsynet, Forbrukarrådet og bransjen om kva produkt som skal vere med i prisoversikten
-
Ha jamlege kontaktmøter og dialog med NVE, Energi Norge og andre bransjeaktørar
-
Handsame klager der forbrukaromsyna gjer seg gjeldande
