Ulovleg marknadsføring frå SATS og Elixia

Tips en venn

Mottakers e-post:
Din e-post:

Ulovleg marknadsføring frå SATS og Elixia

14.01.2009
Treningskjedene villeiar kundane i kampen om å kapre nye kundar, meiner Forbrukarombodet.

Forbrukarombodet reagerar på reklamekampanjar frå både SATS og Elixia, der treningssentra driv med marknadsføring som er både villeiande og mangelfull kva gjeld informasjon om prisar og bindingstid.

- Vi ser alvorleg på marknadsføring som kan lure forbrukarane til å inngå treningsavtalar på feil premissar, seier seksjonssjef Bente Øverli.

Seier ingenting om pris
SATS fokuserar i si marknadsføring utelukkande på «fri iPod» eller «fri pulsklokke» dersom ein inngår ein treningsavtale. Dei opplyser imidlertid ikkje om kva forbrukarane skal betale, eller at dei opererar med 12 månadars bindingstid for sine avtalar.

Når vesentlege opplysningar som pris og bindingstid ikkje er tatt med i marknadsføringa, er kampanjen i strid med marknadsføringslova.

Treningsavtale utan bindingstid?
Elixia lokkar kundar som meldte seg inn 3. januar med «ingen binding» og månadspris på 99 kroner i januar og februar. Ei slik marknadsføring gir forbrukarane den klåre oppfatning av at ein ikkje blir knytt til ein avtale ut over februar.

Når realiteten er at forbrukarane automatisk blir medlem dersom dei ikkje melder seg av avtalen innan utgangen av januar, vil bruken av «ingen binding» vere villeiande ovanfor forbrukaren.

Strammar opp treningsbransjen
Både SATS og Elixia har fått brev frå Forbrukarombodet med beskjed om å endre sine kampanjar.

- Vi ber og treningskjedene sjå til at framtidig marknadsføring gjev forbrukarane tilstrekkeleg informasjon om både pris, bindingstid og andre vilkår, seier seksjonssjef Bente Øverli.


Kontaktperson hjå Forbrukarombodet:
Bente Øverli, seksjonssjef (Tlf:  99 52 10 48)

 


 

Forbrukerombudet, Sandakerveien 138, 0484 Oslo | Tlf 23 400 600 | Faks 23 400 601 | Nettredaktør: Steinarr Sommerset